KUNSTNERHUSETS FOND 2019 – 2020

Kr 100.000 i prosjektstøtte

 

For 2019 skal det delast ut inntil kr 100.000 frå Kunstnerhusets fond. Fondet har sin bakgrunn i at Kunstnerhusets forening på Gvarv i Telemark blei lagt ned og solgt. Huset var i mange år ein møteplass for kunstnarar og kunstinteresserte, med aktivitetar og utstillingar. Her møttest biletkunst, kunsthandverk, musikk og litteratur, ofte i samarbeid på tvers av fagområda.

Styret i Kunstnerhusets fond vil med dette invitere kunstnarar innanfor eit vidt felt, til å søkje om middel frå fondet. Vi ønskjer frie rammer for kva det kan søkjast om, som eksempel kan nemnast utstillingar, performance, land-art, konsertar, bokprosjekt. Vi oppfordrar til samarbeidsprosjekt, gjerne på tvers av ulike kunstformer.

Prosjekta må vere originale og nye, gjerne også nyskapande. Vilkår for tildeling frå fondet er at prosjektet blir ferdigstilt innan utgangen av 2020, og presentert innanfor grensene til nye Midt-Telemark kommune. Denne kommunen blir frå 1/1-2020 ein samanslåing av kommunane Sauherad og Bø. Det er eit mål for fondet at prosjekta skal bidra til aktivitet lokalt, men søkjaren treng ikkje sjølv ha bakgrunn i området.

Søknaden må innehalde: Prosjektskisse med budsjett og arbeidsplan, CV/referanser, evt web-sider.

For spørsmål. ta kontakt med:
Solveig Svardal, mobil 901 80 594, epost svardal@mac.com
Arne Svalastog, mobil 906 52 901, epost arnesvalastog@gmail.com

Søknad sendast til Kunsterhusets fond v/Solveig Svardal. Fondet ønskjer helst søknad på epost: svardal@mac.com, evt på papir til Solveig Svardal, Gamlegata 14, 3810 Gvarv.

Søknadsfrist: 25. april 2019.