KUNSTNERHUSETS FOND 2019 – 2020

 

Bildekunstnaren Morten Slettemeås får 100.000 kroner i støtte frå Kunstnerhusets fond for 2019.


Styret for Kunstnerhusets fond har vedtatt å dele ut 100.000 kroner i prosjektstøtte til bildekunstnaren Morten Slettemeås. Prosjektet Slettemeås vil gjennomføre har sterke band til landskapet i Midt-Telemark. Lokale idear, kunst og kunsthandverk får nye uttrykk, gjennom Slettemeås sin moderne og fargesterke uttrykksform. Slik vil historia møte samtida. Det lokale vil bli kopla til, eller tolka inn i, ein individuell og subjektiv kunstnarskap, av ein kunstnar som har vist fram arbeid av stor kvalitet gjennom heile karrieren.
Inspirert av dei tidlegare Telemarksmalarane, særleg Henrik Sørensen, Erik Werenskiold og Kai Fjell, skal Slettemeås vandre rundt i landskapet i Midt-Telemark våren 2020. Dette blir ei reise rundt ulike historiske, geografiske og kulturelle utgangspunkt. Det kan vere demonteikningane i Sauherad kyrkje, historiene rundt Werenskiold sitt opphald på Lindheim og bilda han malte der, kanskje museumssamlinga på Evju har noko å ta tak i. Prosjektet skal utvikle seg gjennom desse besøka, møta og fortellingane som dukkar opp undervegs. Slettemeås vil vere tilgjengeleg om nokon ønsker å møte han på vegen.
Heile prosessen vil bli dokumentert med lyd, foto og video gjennom eigen kanal på Facebook eller Instagram.
Det er planlagt ei utstilling av arbeida sommaren eller tidleg haust 2020. Utstillinga vil i tillegg til oljemaleri, som varierer i storleik frå A4 til 2x3 m, vise materiale frå dokumentasjonen av prosjektet.
Slettemeås er fødd på Gvarv (1975), men bur og arbeider no i Oslo. Han har hatt ei lang rekke utstillingar, både i Norge, Spania og Mexico sidan han var ferdig på Statens Kunstakademi i 2003.

 

For meir informasjon:
Styret for Kunstnerhusets fond:
Arne Svalastog, mobil 906 52 901
Solveig Svardal, mobil 901 80 594
Bildekunstnaren Morten Slettemeås, mobil 413 07 939

Om Kunstnerhusets fond